Om Harevadet Hyttegrend | Harevadet Hyttegrend

Om Harevadet Hyttegrend

Plasseringa av hyttefelta (Foto: Trond Mehlum)
Harevadet Hyttegrend er eit nytt hyttefelt i Grendadalen i Hornindal kommune, Sogn og Fjordane. Hyttefeltet ligg omlag 400 moh., 7 minutts køyring i frå Grodås sentrum.

Feltet består av 87 tomter på ca. 1800 m². Dei fleste har utsikt mot Hornindalsvatnet (Nord-Europas djupaste innsjø), og innover dalen. Harevadet Hyttegrend ligg i solrike, vakre omgjevnader som kan gje deg fine naturopplevingar, både vinter og sommar. Om det er ynskjeleg kan selgar bistå med kontakt til hyttebyggarar og entreprenørar.

Området ligg rolig til utan trafikkstøy, samtidig er det kort veg til skianlegg og lysløype. Velpreparete skiløyper går igjennom feltet, og er tilknytt løypenett på ca.10 km.
 
Det er ingen byggeklausul på tomtene. Alle bygningar skal ha hovudform, materialval og fasadar som harmonerer med tradisjonell og eksisterande utbygging i området.
 
Parkeringsplassar opparbeidast av kjøpar på eiga tomt, det kan i tillegg bli opparbeidd felles parkeringsplassar. Detaljane for utbygginga er styrte av ein reguleringsplan.
 
Hyttene vert tilknytt offentleg vatn og avløpsnett. Feltet vert tilrettelagt for fiber,
Avstandar etter at Kvivsvegen mellom Hornindal og Volda opnar
breiband og telefoni.
 
Det vil bli oppretta eit Hyttelag, og alle hytteeigarane er forplikta til å vere medlem her. Dette for å sikre at store og små praktiske oppgåver får ei løysing, t.d. for organisering av brøyting, vedlikehald av veg mm.
Harevadet Hyttegrend omlag midt i bildet (Foto: Trond Mehlum)Harevadet Hyttegrend omlag midt i bildet

Harevadet Hyttegrend AS   |   c/o Stryn Trekultur AS, Svarstad, NO-6783 STRYN   |   Tlf.: (+47) 489 54 764   |   E-post: post@trekultur.no   |   Org. nr.: NO 895 786 292