Aktivitetar i Hornindal | Harevadet Hyttegrend

Aktivitetar i Hornindal

Friluftsliv
På HøgenibbaHornindal har turterreng som passer for alle. Harevadet og Hornindal er fullt av flotte turmål for heile året. Av meir krevjande turar kan det spesielt nemnast Hornindalsrokken og Bjørkenibba. Det er utarbeidd eit turkart til fotturar som ein kan få tak i t.d. på kommunehuset og turistinformasjonen.
 
I sentrum er det fint parkområde ved vasskanten med badestrand og strandpromenade. Her er det gode  muligheiter for vassaktivitetar om sommaren.
Idrett
Gjennom opparbeiding av fleire idrettsanlegg er det lagt til rette for mange idrettsgreiner i Hornindal. Hornindal idrettspark omfattar friidrettsbane, tennisbane, to fotballbaner og ein ballbing. I Grendadalen, like ved Harevadet Hyttegrend, er der ski- og skiskyttarstadion samt eit tautrekk for skileik.
 
I sentrum finn ein sandvolleyballbane, innandørs skytebane, basketballbane, Hornindal Idrettspark (Foto: Ola Magne Strand)rullebrett/rulleskøytebane samt ulike leikeapparat.

Kvar juni vert Grodås Cup arrangert. Andre større idrettsarrangement er Hornindalsvatnet Maraton, Hornindal Rundt, Nibba ned og Honndalsrennet.
Kultur
Hornindal rik på kultur, og markerar seg sterkt innan song-, musikk-, og handeverktradisjonar.

I sentrum finn ein Anders Svor museet. Museet innehelde over 450 skulpturar av Anders Svor som må seiast å vere av fylkets mest betydingsfulle kunstnarar gjennom tidene. Svor var også en sentral kunstnar i si samtid. I sentrum finn ein også biblioteket.
 
Frukost ved Hornindalsvatnet under KulturdaganeI august blir det arrangert Kulturdagar i Hornindal med aktivitetar for små og store. Særleg er frukost ved Hornindalsvatnet, utedansar og konsertar arrangement som vert sett stor pris på både blant lokale og tilreisande.
Jakt og fiske
Hornindalsvassdraget med Hornindalsvatnet byr på gode fiskemoglegheiter. Fiskekort kan kjøpast ved oppsette sjølvbetjeningskasser eller ved å kontakte Hornindal grunneigarlag.

Både nærområdet og regionen rommer flott terreng for småviltjakt. Jaktkort kan ein kjøpe ved å kontakte Hornindal grunneigarlag.
 
Kontakt Hornindal grunneigarlag ved Lars Andreas Tomasgard Tlf. 57 87 95 28 / 911 84 236.Vassport på Hornindalsvatnet

Meir informasjon om tilboda i Hornindal kommune finn ein på Honndalsportalen.

Aktiviteter i regionen
Ulsheim: 20 min. 
 

Harevadet Hyttegrend AS   |   c/o Stryn Trekultur AS, Svarstad, NO-6783 STRYN   |   Tlf.: (+47) 489 54 764   |   E-post: post@trekultur.no   |   Org. nr.: NO 895 786 292